I denne boka fortel Alfred Hauge om sin eigen barndom. Han vaks opp på ei lita øy i Ryfylke under enkle kår, den eldste av ni sysken. Han fortel om foreldre og besteforeldre og slekta langt tilbake: særmerkte menneske, mange av dei evnerike og med kunstnargivnad, somme med sans for grotesk humor og fabulering, andre med djupt religiøs legning, atter andre aktivt opptekne av politikk og samfunnsspørsmål. Men først og fremst fortel Alfred Hauge om seg sjølv og livet i heim og grend frå tida like etter første verdskrigen til han sjølv reiste ut, i 1931.
«Barndom» er ei bok om landskap og miljø, ei bok om varme og tryggleik, om uro og angst, om eit barnesinn som rommlar både harmoni og disharmoni i rikt mål og som tidleg blei medvite om seg sjølv.
Ei bok full av alvor og skjemt er det, eit rikt stoff formidla både med godvilje og med kritisk sans.