Astrid er blitt elev på den vidaregåande skulen i byen. Mykje har forandra seg sidan ungdomsskulen, ikkje minst Astrid sjølv som er i ferd med å riva seg laus frå foreldra og det dei står for. I motsetning til storesyster Gunn har Astrid alltid følgt lydig med foreldra på bedehuset og bøygd seg for deira krav og lover. No unnvik ho krava o gskuldar på leksepresset, men framleis er ho utanfor den gjengen som treffest etter skuletid og morar seg. Terje er hennar gode venn frå ungdomsskulen, han er no i lære hos ein keramiker og er heller ikkje med i ungdomsgjengen. Men han som sjølv gjorde opprør mot fortventningane rundt seg, er ei god støtte for Astrid. Dessutan blir ho kjend med Fluga&