Forlaget skriver om denne boka:
Når ein les Thor Vilhjálmsson, tenkjer ein minst av alt på saga-tradisjonen. Ein vil heller nemne sentrale namn i moderne europeisk dikting som Robbe-Grillet, Camus, Kafka, Beckett. Det vert jamvel sagt - og ofte i nedsetjande meining - at Thor ikkje skriv islandsk litteratur: Han er europeisk diktar!
Denne romanen handlar om det som også hos T.S. Eliot var påtrengjande viktig: tidsomgrepet, korleis "echoes" frå ulike tider vert samtidige, korleis historie - sivilisasjonsrøter og individuelle røynsler - møtest i den einskilde og der, i "mannens" medvit, er til stades på same tid. Hovudpersonen i "Fort, fort, sa fuglen" synest å vere ein slik møteplass.