Forlaget skriver om denne boka: Det var mystiske teikn på gull-amuletten.
Unggutten Ari hadde fått han som arv etter faren som vart myrda av kong Eirik Blodøks og den trollkunnige dronninga hans. Dette var i før-kristen tid, i vikingetida for over 1000 år sidan. Ari bur saman med mor si og ei faster på jarlesetet Lade i Trøndelag, da underlege og dramatiske ting byrjar å skje. Gudane er ikkje tilfredse med berre dyreoffer, meiner jarlen og stormennene rundt ham. No har gudane sendt uår og regn i lang tid. På stallen står den irske trælen Kjarval fastbunden, og tida for det store midtsommarblotet nærmar seg, da Odin og Tor ventar på offergåver. Men Kjarval har fortalt om ein gud som er mektigare enn dei, og han kjenner og dei mystiske teikna på amuletten. Ari får han med på ein spanande flukt.
KNUT ØDEGÅRD er fødd i Molde i 1945. Han har tidlegare gjeve ut fleire diktsamlingar og omsett dei store mellomalderdikta "Lilja" og "Geisli".