Forlaget skriver om denne boka:
Hovudpersonane i denne boka er smågutane Pål, Gunnar, Kolbein og Andres, som vi også kan lese om i andre av Rasmus Lølands barnebøker. Med meisterleg innlevingskunst og fin humor fortel Løland om dagleglivet til desse gutane, korleis dei gjer seg tankar om alt dei høyrer og ser og fører det over til sin eigen leik. Boka har halde seg populær og "moderne" gjennom alle år, frå første utgåva i 1906, med nye utgåver 1925 og 1959, og er i dag meir etterspurd enn nokon gong.