Forlaget skriver om denne boka:
Vesle Hallvard hadde så store forventninger til jula. Storebror skulle kome heim frå landbruksskulen, Hallvard var lova julegåve, og han hadde slett ikkje tenkt å vera anna enn snill gut i denne søte juletida. Men var det ikkje som utgjort! Det byrja med ein liten ulydnad, men det drog etter seg så mykje leitt. Hallvard kunne mest ikkje forstå etterpå korleis det heile gjekk til.