"Dette er ei kommersiell bok.
Dette er det ærlegaste Føreord i den norske bokheimen. I motsetnad til alle andre norske bøker og Dagbladet er ho utgjeven med det førernål å tena på henne og setja pengar i rørsle. Det skulle kunne gle a) Felleshushaldet eller Finansministeren eller Kemneren ad libitum, b) forlaget om salet blir like godt som første gongen, c) bokhandelen (utan atterhald), d) skogindustrien, e) den grafiske industrien, f) bokbindaren, g) reklameindustrien og dermed Den 4. statsmakt pressa, og h) forfattaren og teiknaren. I den rekkjefølgja trur eg, rekna etter innbyrdes profittfordeling. Størst av dei er Felleshushaldet/Finansministeren/Kemneren, ei upersonlig makt som finst i alle ovannemnde lekkar, dvs. overalt. Av det kan ein dra den slutning at Allah er stor, men Finansministeren etc. er større. Skulle boka gle lesaren òg, vil ikkje forf. nokoleis motsetja seg det, men vil rekne det for eit under, eit fenomen han trur måteleg på."
Ivar Eskeland i eit fortvila og fåfengt forsøk på eit føreord.