Trond hadde ingen å leike med. Han stod i det digre gardstunet og var heilt aleine i verda. Han hadde gått for å sjå etter Audun og Morten, men dei var store og hadde gått sin veg. Trond var berre fem. Kva skulle han finne på? Det tek ikkje lang stunda før Trond finn på noko å gjera. Han møter Sossi, og saman opplever dei fine og spanande ting. Dei dreg på oppdagingsferd i skogen og finn att kamelen som hadde rømt frå løa. Kamelen tek dei med på ridetur og han fortel dei om den lange reisa si frå Pakistan og om venen Bashir som han saknar og er på leiting etter. Sommaren blir full av spenning, eventyr og vennskap.