Audun søv om dagen og vaker om natta. Doktoren seier han har ein sjukdom på trettifire bokstavar. Audun og familien hans bur ved ein fjord på Vestlandet. Ein dag får dei besøk av ein slektning som kjem heilt frå Italia. Audun får høyre at han har ein italiensk oldefar, som omkom i ein bresprekk på den andre sida av fjorden. Dette hende for mange år sidan, og ingen fann att oldefaren. Audun vil likevel leite etter han. Gjennom samtaler med oldemora og spennande nattevandringar kjem han på sporet av oldefaren