Forlaget skriver om denne boka:
Rundt sjøen er Ingvar Moes romandebut. "Sjøen" er sentrum i ei vestlandsbygd. Der held kjøpmennene og handverkarane til, i resten av bygda bur bøndene. Kvar kveld går sentrumsfolket ein tur kring "sjøen", dei går i sirkel kring seg sjølv. Bøndene derimot, står i ro. Dei veks oppetter, mot himmelen...
Tidsbakgrunnen er 1940-åra og krigen, og sjølv om tyskarane også blir eit element i historia, er det barndommen i bygdemiljøet som blir det sentrale. Vi møter både dei store glederog dei store tragediar, og Ansgar lærer snøgt korleis bygda både kontollerer og vernar: her er grobotn for fordøming og intoleranse, samtidig som "sjøen" heller ikkje er utan varme og omsut for sine "eigne".