Folk er glade i bilane sine, går på jakt, blir dregne mot stavkyrkjer og videobutikker - her er mopedistar, norsklærarar og folk frå innlandet. Det er mest unge menn som kjem til orde i desse åtte novellene, men den einaste eg-personen i boka heiter Hilde, og ho har ikkje tenkt å gi seg før ho har krølla stripene i dressen til sjefen.