Om skolen er eit helvete, er det lærarane som no sit nærmast elden. Ein lektor blir driven til vanvit av elevanes språk. Han held på å gå under og drukna i det.
Men språk og meiningsløyse i skolen er eit forseinka, forsterka uttrykk for heile samfunnet. Her er alle ekspertar. Alle har vore elevar. Dei fleste har barn i skolen. Titusentals norske kvinner og menn kjem aldri ut av skolen før dei blir for gamle. Dei er lærarar.