Gjennom ei rekkje med episodar - avgjerande møte mellom historisk kjente eller ukjente menneske i ulike tider, frå steinalder fram til 1990-åra. følgjer Åsta Holth det samlande grunnspørsmålet: Kva gjer menneska mot kvarandre og den jorda dei lever på?
Det er ein evig kamp. På den eine sida den positive kjærleiks gjerningar, på den andre det negative, destruktive, og ingen kjenner utfallet. Ikkje ein gong volva kan spå om det nå lenger. Men i romanen kan ho delta og observere og reagere, for der er ho med inne i alle dei kvinnelege hovudpersonane og medopplever deira offer, sorg og harme, men også kjærleikens forunderlege makt og varme.