Kvifor døyde Bengt Liland? Dette spørsmålet opptar legen og grannen Viggo Skard dei seks dagane det varer frå Bengt mista livet i ein kollisjon på vegen heim frå kveldsskiftet, og til han blir gravlagt på kyrkjegarden i Midtbygda. Og det opptar andre av dei vi møter i det vesle industrisamfunnet kring cellulosefabrikken. Alle vert fylte av skuldkjensle, men oppklaringa av saka skjer ikkje slik ein ventar i ei kriminalforteljing. Her vert vi konfronterte med eksistensielle spørsmål, spørsmål som gjeld val og ansvar.