Forlaget skriver om denne boka:
Kva er det som driv ein mann når han skal velja for livet? Sjoika bur på den eine sida av gata, Benibali på den andre, Ishmael går mellom dei og vil helst sleppa å velja.
Men Benibali har gjort sitt val og er klar til å ri bort på den store kopparraude hesten: Nå fer eg til skogen. Er det nokon som vil vera med?
Det er like før Ishmael lettar frå marka og flyg opp til henne. Men nede på jorda står Sjoika med den juvelprydde fotlenka kring anklane: Du veit godt at du kan ikkje ri gjennom Metropolen på den hesten. Du veit godt at der finst ikkje nokon skog.