Forlaget skriver om denne boka:
Det nynorke dagbladet Den 17de Mai trykte kring 1930 fleire dikt med ein svart, liten trekant som einaste signatur. Dei anonyme dikta vekte oppsikt og interesse. Kven hadde skrive dei? Mange år gjekk før det vart kjent at trekanten hadde vore Sigmund Skards diktarmerke.
Det var i USA, nasjonen han etter kvart kom til å skriva mange bøker om, at Sigmund Skard debuterte med samlinga For Norge i 1942. Og det var i krigsåra han vart kjend som lyrikar. "Eg gløymer aldri da vi hørte diktet hans om Telavåg bli lese i radioen frå London ei mørk natt" skriv Halldis Moren Vesaas i forordet til eit utval av hans kjærleiksdikt:
"Sigmunds Skards dikt er livsfrukter. Nedfelte i dei ligg opplevingar gjennom eit langt og rikt liv, inntrykk frå det nære og handgripelege og frå det fjernaste fjerne vi veit om, frå mange og lange reiser, frå møte med mange slags kulturar, mange slags kunst, mange slags menneske... Blant dei lyrikarar eg kjenner til finst det ingen som har fortalt så mykje, og så opent og nyansert, som Sigmund Skard om korleis det er å kjenne alderdommen - og dermed døden - nærme seg steg for steg. Heller ikkje veit eg nokon som har skrive så mange kjærleiksdikt så seint i livet, og heile vegen til den same kvinna."
Dette særmerket vart berre endå sterkare med samlinga Atterklang i 1987, eit dirrande punktum i eit livslangt samliv.
Denne heidersmannen i norsk bokheim har saman med Halldis Moren Vesaas stått for utvalet av meir enn 250 dikt i denne boka.