Forlaget skriver om denne boka:
VEGEN TIL BØKENE er ei samling artiklar, foredrag, talar og essay om norsk litteratur og det norske litterære landskap. Eit personleg essay innleier boka, som grovt sett kan delast i tre hovuddelar. Den første handlar om Olav Duuns dikting, dernest følgjer tre artiklar som tek for seg nynorsk litteratur. Både nynorskforfattarar som er meir eller mindre gløymde i vår tid, nordlandsskildraren Jon Klæbo og trønderdiktarane Olav Berkaak og Ingvald Svinsaas, men også den svært så godt kjende Olav H. Hauge. I den siste delen drøftar Skei litteraturkritikkens funksjonar og gjev eit oversyn over norsk litteratur det siste tiåret.
Skei er oppteken av å ta vare på vår norske kulturarv. Med ein personleg tone, eit variert innhald og ein oversiktleg framstillingsmåte vender boka seg til alle leseinteresserte.
Hans H. Skei er professor i litteraturvitskap, redaktør av Norsk Litterær Årbok og har utgjeve ei rekkje arbeid om norsk og amerikansk samtidslitteratur.