Dette er ei original novellesamling. Nokre av novellene er skakande og kan gje lesaren bakoversveis, andre er rare og fulle av burlesk humor. Forfattaren fabulerar over kjende eventyr og folkeviser, og her er mykje fandenivoldsk humor for ein som kjenner folkeeventyra godt. Boka kan vere urovekkande og vond, men også humoristisk, ironisk, tankevekkande og surrealistisk.