Islandske segner og eventyr
"De er kanske enda mere dybe og mørke end de vi kjender fra vaare egne Fjeldvidder og Heier", skreiv P. Chr. Asbjørnsen da han hadde lese eit dansk utval av islandske segner og eventyr.
I denne samlinga har Albert Olafsson lagt vinn på å få med forteljingar som speglar av det særmerkt islandske, gir gløttar inn i lynde og landskap og syner at også poesien høyrer med i eventyrverda. Mangt er her annleis enn i norsk folkedikting. Det er tydeleg samanheng mellom den islandske folkediktinga og dei norrøne ættesogene. På Island var det vanleg i mange hundre år å bruke segnene og eventyra til trøyskap jamsides med ættesogene.
Fridomshelten Jón Sigurdsson skreiv om desse folkelege forteljingane: "Lat vere at det er ovtru og innbilling. Vi tykkjer likevel dei vitnar om åndeleg kraft og rike diktarsyner som ein ikkje finn hos dei som er så opplyste at dei ikkje trur på noko!"
Albert Olafsson er fødd på Island i 1902, kom til Noreg som attenåring, tok lærareksamen i Volda og har sidan vore lærar og skolestyrar her i landet, bur no i Oppdal. Han har gitt ut ei kekkje barnebøker.