Tauler Stranden sit i eit hus ved kysten, litt einsam, litt tuslete, og skriv om dagane som går med småvøling og husstell. Tittelens postkort er meldingar som kjem til han, og sjølv rapporterer han om kvardagstankar og gjeremål, - og einsemd - trass i at tekstane gir glimt av både kone, barn, arbeidskameratar og naboskap. Etterkvart skjønar vi at Tauler har lete seg freiste på gale vegar, og at det har sin pris, ein høg pris, som fleire enn han sjølv må betale.