1978: Ein mann løftar jern i kjellaren på Gunneng videregåande skole, medan lærarane har fest med raudvin og ABBA i etasjen over. Ein bombekastar forsvinn frå Soma Leir, den militære etterretninga rører på seg. Det gjer også to av lærarane ved Gunneng. Saman med mannen i kjellaren køyrer dei austover - i ein begravelsesbil med tung last i kista bak. I Oslo skal Begin og Sadat motta fredsprisen. "Fimbul" er ein roman i burleske kliv over fortid og forfedrar. Og ein roman om vår tids tomrom, om grensa mellom fornuft og galskap, om trongen til å få orden på verda.