Rita har ein grøn koffert og i den er det eit rom fylt med foto, småstein, skjel, hårlokkar - brokkar av ein barndom. Brokkane blir med inn i ein uroleg søvn, som råstoff for draumen. Hovudforteljinga tek til når Rita går frå draumen tilbake i tida til opplevingar i barndommen. Slik blir boka ei dramatisk reise i minna frå ein tapt barndom.