Forlaget skriver om denne boka:
Grunnleggande kunnskap ar om dei skjønnlitterære sjangrane blir her presentert i ei funksjonell fagleg-pedagogisk form. Boka har som siktemål å gje lærarar i grunnskolen kompetanse til å lære elevane å lese/avkode forskjellige skjønnlitterære tekster og til å uttrykkje seg i ulike sjangrar.
Det er den didaktisk/ metodiske grunntenkinga som skil denne boka frå andre bøker om temaet. Forfattaren har prioritert litteraturteoretisk stoff ut frå pedagogiske omsyn. Boka gir litteraturteori verdi etter om den tener elevane som reiskap til å trengje inn i tekstene med. Boka er tilpassa rammeplan for norskfaget i allmennlærarutdanninga slik at den saman med Anne-Kari Skardhamar si bok "Litteraturundervisning" (TANG, 1993) skal kunne dekke teoripensum for innføring i litteraturstudiet i norskfaget (Norsk 1) ved allmennlærarutdanning.
Arne Torvik har i mange år arbeidd som førsteamanuensis i norsk ved Eik lærarhøgskole, nå Høgskolen i Vestfold. Han har tidlegare skrive lærebøker innanfor sitt fagområde for grunnskole, vidaregåande skole, høgskole og universitet. Som informasjonsleiar i Forsøksrådet for skoleverket var han redaktør for m.a. rådets tidsskrift og bokserie. Saman med Sonja Strømme Imens har han skrive serien "NYE MÅL - norsk som andrespråk" (Aschehoug).