Forlaget skriver om denne boka:
Ein av dei forfattarane Sir Walter Scott beundra mest, var den irske Maria Edgeworth, som for romanlitteraturen oppdaga Irland slik han sjølv seinare oppdaga Skottland. Men ho var ikkje berre den som innleia den regionale diktinga i den engelskespråklege verda, ho var og den første som nytta dialektiske ord og vendingar. Resultatet blei at sjølv kongen i England hadde stor nytte av romanen, og han hevda å ha fått eit heilt nytt bilde av sine irske undersåttar. Romanteknisk representerer RackrentSlott også noko nytt i det forteljaren, gamle Thady, er observatøren som er ein del av hendingane samstundes som han gjennom sin tenerfunksjon står til sides for det samfunnet han skildrar. Dermed har forfatteren etablert ein ironisk distanse som høver godt til å målbere den irske folkelege humoren.