Alle er redde for eit eller anna. Bikkjer, attgangarar, kakerlakkar, ranarar. Kan hende er dei berre eit uttrykk for det vi eigentleg fryktar? Det ukjente som ligg framfor oss og lokkar. Eller angsten for det vi ikkje kan forklare. Ungdommane i fleire av Ola Jonsmoen sine noveller kjenner verkeleg redsla. Dette sitrande inni dei, som får hjarte til å slå raskare og skuggane til å bli truande. Men så er det i seg sjølv skremmande å skulle bli vaksen.