Forlaget skriver om denne boka:
Få diktsamlingar er så ettertrykkeleg blitt fordømde og verdskjende som Charles Baudelaires
Les Fleurs du Mal.
I overgangen mellom romantikk og symbolisme markerte desse dikta sjølve vendepunktet i den europeiske lyrikken der det moderne storbylivet stig fram, overmåte fascinerande og sorgfullt på same tid.
I
Pariserbilete hentar diktaren emna sine frå vandringar i byen, men alt blir omskapt til eit uttrykk for dei opprivne kjenslene hos den distanserte flanøren, brytinga han kjenner mellom lykkerus og vanære. Lik byen er dikta i rørsle - dei manar fram gjennom symbol magiske bilete utan særleg feste.
Ein "imiterer" ikkje meir, proklamerte Baudelaire, ein traktar etter det "sur-naturalistiske", skapar ei anna verd. Og denne verda skulle vise seg å vere ei makelaus framstilling av den nye tida.
Foruten diktene inneholder boken Walter Benjamins franske essay "Bemerkninger til Baudelaires Tableaux Parisiens" og et etterord av Baudelaire-kjenneren Arne Kjell Haugen.