Ein fabel om katten som skal til Byhaugen og gjere seg om ikkje feit, så iallfall stor, og han blir til slutt nærmast ein puma eller ei fjellløve.
Og så er det hjelparane hans - huldrekua, piggsvinet, den fulle guten og bussfjåføren. Til samen blir det ei historie som er seg sjølv nok, og alvorsame lesarar som i fablar om dyr vil hente lærdomar, vil leite til fånyttes. Til gjengjeld vil andre som er vaksne nok til å ha sans for Robin Hood, Tarzan, sjøormar, indianerleirar og holebjørnar bli sjarmert både av form og innhald.