Forlaget skriver om denne boka:
Hovudpersonane frå Sveve over vatna (1982), Munk, Waglen og Forteljaren, møtest igjen etter 15 år. Waglen er familiemann og videohandlar i Sogn, med kannibalfilmar som spesialitet, Forteljaren er lektor og familiemann, medan Munk har arva småbruk, "driv med sau", held hund (Cerberos) og har eigen nærradio.
Når Munk vil ha den tilårskomne spelegjengen til å turnere, er det eit konsept som skal "seie noko om livet i Noreg no" (...) " særleg no, når det går mot eit tusenårsskifte". Men når Wartburgen med dei tre rullar ut på Autobahn er det også for å finne att Munks ukjende son i Heidelberg.
I mellomtida har dei vore innom både Dressmann og Theatercaféen og filosofisk-satiriske detaljkunnskapar om lødige og underlødige filmar og dei ymsaste former for musikk og video, og korkje Hamsun, Caterina Valente, Bruce Willis, Helen Mirren, Karl Erik Harr, Shakespeare eller Helen Shapiro går fri.