Forlaget skriver om denne boka: Arne Natskår har anene sine frå Telemark. Anene til begge besteforeldra på farssida kom over fjellet frå Telemark ein gong på 1700-talet og busette seg i Røldal og Suldal. Men i desse bygdene kunne levekåra vera så harde på 1800-talet at det vart "sveltihel" om ungdomen ikkje kom seg ut til andre stader der det var lettare å brødfø seg og sine. Sste utvegen var å reisa til Amerika.
Boka "Frå Telemark til Ryfylke" fortel om livet i Suldal, Sauda og Røldal dei siste to hundreåra, men ho handlar og om dei mange som drog til Amerika, og her vil lesaren finna fleire nær 100 år gamle Amerika-brev.
Boka handlar om Arne Natskår si slekt, men er ikkje ei slektsbok i vanleg forstand - her vert omtalen av slektningane knytte saman med hendingar og soger som er fortalt av eldre, eller det er henta fram frå gamle og gløymde skrifter.