Forlaget skriv om denne boka: Det er ikkje så lett å bli storesyster. Anna prøver å fortelje det til dei vaksne på ulike måtar, og dei synest ho er fæl. Men heldigvis er det somme som skjønar at Anna er ei OK jente som liker OK kattar og greier det ho vil. Gjennom spennande illustrasjonar og ein lysande god tekst fortel denne boka korleis verda ser ut for den vesle storesystera.