Med utgangspunkt i ein fallosforma marmorskulptur på øya Dønna tek Solveig Aareskjold eit oppgjer med vår tids idear om mannen og det særeigent mannlege, og den inngrodde vanetenkinga omkring aggressivitet, egoisme og herskelyst.
Å vere mann er ikkje nokon konstant tilstand, det er ei stadig skifting mellom ulike posisjonar, mellom det å vere helt og det å vere drake, mellomjeger og offer, krigar, elskar og far. Ingenting er konstant, ikkje eingong for dei som set livet inn på å vere harde og uovervinnelege.
Solveig Aareskjold følgjer dei skiftande ideane om det mannlege gjennom kunst og litteratur, frå Homer til eddadiktinga og fram til våre dagars westernheltar. Her er Odyssevs, Sankt Georg, Olav Tryggvason og Peer Gynt nemnde i same andedrag som Sigmund Freud, Fridtjof Nansen, Clint Eastwood og Saddam Hussein, i skjeringspunktet mellom det velfunderte og det underfundige. Ingenting er eintydig. Ein mann kan vere så mangt. Tida er inne for å gi rom for det mangfaldige og tvitydige i det mannlege.