Forlaget skriver om denne boka:
Denne historia om den norske etterretningstenesta under den kalde krigen er resultatet av eit eineståande tiltak. For første gong har ei vestleg etterretningsteneste opna sine mest hemmelege arkiv frå denne tida for frittståande historikarar. Etter mange meir eller mindre fantasifulle og ofte spekulative spionbøker får vi her den eigentlege og grundig dokumenterte historia om oppbygginga av norske lyttestasjonar av ulike slag, om agentoperasjonar bakjemteppet, om norske skipsoffiserars rapportering frå sovjetiske hamner, om samarbeidet med amerikanske og andre lands hemmelege tenester og om Stay Behindgruppene.
Boka skildrer ei teneste som frå ein handfull spesialistar i 1946 voks til ein omfattande organisasjon med om lag tusen personar ved slutten av 1960-åra. Konklusjonen til forfattarane er at denne tenesta vår «Norges kanskje viktigaste bidrag til den vestlege alliansens tryggleik og styrke» i denne spenningsfylte perioden av vår etterkrigshistorie.
Forsidebildet viser Barhaug SIGINT-stasjon ved grensa til Russland.