- Hiv o hoy! ropar Einauge-Bill, sjølv om han visste at det gamle sjørøvarropet var gått av moten for mange år siden. "Yeeha," ropa dei unge piratane no for tida, men det brydde ikkje Bill seg om. - Hiv o hoy! ropa han, medan han lo høgt og styrte den vesle skuta rett inn i ei krapp bølge, så sjøspruten stod og sola kasta små regnbogar innover dekk.
Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill er attende - og også denne gongen er dei på sporet av ein skatt. Men i kjølvatnet deira lurer fagre, men svikefulle kvinner og lumske bandittar som også tørstar etter gull. For det er vel gull, det L. Dorado har gøymt i kista si...?