Forlaget skriver om denne boka:
I debutdiktsamlinga si gir Mona Høvring (f. 1962) eit tilsvar til den greske lyrikaren Arkhilokhos (f. 600 f.Kr.) og dei niddikta han skreiv om Neobulé, som han hadde vore trulova med. I IIK!! Ein dialog fører Neobulé ordet, tvers over århundra. Dikta utforskar det kvinnelege i forhold til mannlege, korleis dei to kjønna definerer seg sjølve og kvarandre. Det utspeler seg ein kamp i desse dikta, men og eit forsøk på å få det andre kjønnet i tale. Kjensleregistreret er stort: Her er fortviling og raseri, hjelpeløyse og kontroll. Språket er leikande og frodig, fullt av brå kast og skiftande stemningar. Det er respektlaust og tradisjonsmedvite på same tid, og vitnar om ein forfattar med eit skarpt blikk for den poetiske situasjonen og eit fininnstilt øyre for den poetiske replikken.