Forlaget skriver om denne boka:
Årboka Litteratur for barn og unge er eit forum for kritikk, forsking og formidling. I den første årgangen, som kom i 1998, blei hovudvekta lagt på nyare forsking. Denne gongen er det blitt lagt meir vekt på formidling.
Innhaldet spenner frå historisk nedslag i litteraturformidlinga til Harald Rosenløw Eegs tankar som ung forfattar i dagens mediesamfunn. Biletboka, teikneserien og fantasy-litteraturen er andre område som denne boka set fokus på - område som ikkje er så mykjeomtalte i tradisjonell litteraturformidling. Her er og nyskrivne essay av forfattarar som Gro Dahle, Helga Gunerius Eriksen, Rønnaug Kleiva og svenske Ulf Stark i tillegg til faste postar som oversyn over viktige instansar og institusjonar i norsk og nordisk barnelitteråturforsking, oversyn over viktige arrangement i året som gjekk og åretsom kjem, bibliografiar, nyttige Internett-adresser, prisar og premieringar.
Årboka Litteratur for barn og unge er ei nyttig handbok for lærarar, studentar, bibliotekarar, kulturarbeidarar, akademikarar, forfattarar og andre som arbeider med og interesserer seg for barne- og ungdomslitteratur.