Eg høyrer og sansar og ser. Mens eg set og skriv og skriv og skriv. Har gjort det over ein mannsalder. Og nokre av dei bøkene eg har skrive, dei er bra,d ei lever og dei kjem til å leva. Nær sagt dagstøtt får eg brev som direkte eller indirekte stadfester at slik er det. Eg skriv og tykkjer det er stort å få gje ut av sitt inste, formidla tanke, oppleving, kjensler som eg trur er vesentlege. Men kan ord på papir erstatta med levande liv? Det finst ikkje noko eintydig svar å få. lkkje for den som kjenner seg fordømd og velsigna til dette: å skriva.
Koss ein enn steller seg her i livet ofte synest ein at ein burde gjort annleis. Stikk motsett. Men eg har fylgt ein impuls så sterk at eg tykte ikkje han let seg bremsa. Kanskje har eg likevel gjort noko rett i det eg gjorde? Like visst som at ikkje alt var rett.