Jon var blitt irons viktigaste mann. Alle om bord ønskte så inderleg å få høyre godt nytt om så berre litt. Men alt Jon kunne gi dei, var dystre og ned-slåande meldingar. Han måtte seie det som det var: Fleire og fleire skip blei senka.
Det er ei sann soge du får lese her. Det hende i juli 1942. verda var i krig, og Norge var teke av tyskarane. Iron var eit av dei 37 amerikanske skipa som skulle til Sovjet med våpen. Den norske ungguten Jon var radiomann om bord.