Den som reiser langt, kjem ofte til kort. Det har mange norske utvandrarar i Sør-Amerika fått erfara. Her er historiene deira.
Sjølv om talet på norske emigrantar er ubetydeleg, er livshistoriene bak den usynlege statistikken ofte eventyrleg. Til USA utvandra folk i lag. Ein og ein stakk av til Sør-Amerika.
Motiva bak utvandringa var samansette. Mange av emigrantane var klassiske globetrottarar som søkte lykka på eiga hand i det sørlege Amerika. Ofte dreia det seg også om flukt. Utvandringa var siste utveg bort frå uløyselege konfliktar i heimlandet.
Emigrasjonen frå Norge til Sør-Amerika har ikkje vore vellykka. Tilbakevandringa er sikkert større enn utvandringa. I norsk samanheng har Sør-Amerika vore viktigare som myte og utopi enn som geografisk reisemål. Draumen om El Dorado og Patagonia har prega den norske førestillingsverda.
Kristianiabohemen kom aldri til Patagonia. Det gjorde derimot den proletære behemen - den norske sjøguten - som gjekk gjennom Søylegangen i Buenos Aires og inn i det store ukjende.