Forlaget skriv om denne boka: Guten som fortel denne historia heiter Mingus. Han går ofte til kubanaren og speler på automat i staden for til den staden der han eigentleg skal gå kvar dag. Det er ein stad han ikkje vil seie namnet på, for han får vondt i magen berre ved tanken. Frå og med den dagen kubanaren opna skuffa si og tok ut det vesle stålskrinet, var det mangt som endra seg i Mingus' liv.