Forlaget skriver om denne boka:
Norsk rosemåling - Dekorativ måling i folkekunsten
gjev eit samlande oversyn over dekorativ bygdemåling i den klassiske perioden - ei utgreiing om stilhistorisk bakgrunn, lokale stilformer, motivstoff, materialar og teknikk. Forfattaren har òg interessert seg sterkt for menneska bak penselen, alle dei vandrande og fastbuande som dyrka rosemålinga som levebrød og kunstnarleg uttrykksform.
Rosemålinga er ikkje noko særnorsk fenomen, men kunstforma fann gode vekstvilkår her i landet. Det frodige mangfaldet av ornamentale og figurative uttrykksformer viser ein facinerande del av norsk folkekultur.
Godt over 300 målarar er tekne med, og boka er illustrert med over 200 fargefoto. Med dette standardverket fell mange av bitane i soga om norsk rosemåling på plass.
Summary and captions in English.