Forlaget skriver om denne boka: Gjennom to bind bygdebøker for Skåre vil du få oversyn over slekter og personar som har levd i nåverande Haugesund gjennom dei siste hundreåra. Du vil også få kjennskap til korleis folk levde i kvardag og fest, i gode og vonde dagar. Ikkje berre som bønder, husmenn og fiskarar, men også i kontakt med sjøfarande folk som drog forbi. Bygdebøkene har vore under planlegging heilt sidan før siste krig, og likelenge har dei vore etterspurde. Nå ligg dei endeleg føra.