Forlaget skriv om denne boka:
VERDSHISTORIE OM HÅR
Kvifor måtte dronning Hatshepsut gå med lausskjegg?
Kvifor gav Alexander den store soldatane sine ordre om å barbere seg?
Og kvifor skar indianarane hår og hårfeste av fiendane sine?
Dette er ei fagbok om hår, ei lita verdshistorie om hår og hovuda det sat eller sit på. Vi er med Hildur, 10 år, på ei spennande ferd gjennom tida, historia og ulike kulturar. Innfallsvinkelen er hår og hårmotar. Boka spenner vidt, frå dei første tider til vår tid, og breitt, frå Europa til Asia, Afrika og Sør-Amerika. Boka er illustrert med gamle måleri, foto og nye teikningar av Kerstin Fors Skarpaas.