OrdbogoverdetnorskeFolkesprog (1850) av Ivar Aasen er den første ordboka over norsk språk som byggjer på systematisk innsamla materiale. Saman med DetnorskeFolkesprogsGrammatik (1848, ny utgave 1996) er ordboka ein grunnstein både for norsk språkvitenskap og for den nynorske skrifttradisjonen. OrdbogoverdetnorskeFolkesprog er ei svært rik kjelde til kunnskap om norske dialektar, norske ord og norsk ordgeografi på 1800-talet. Ordboka kom i eit opplag på 500 og var utseld etter fire-fem år. Sidan har denne utgåve ikkje vore å få.
Den nye utgåva har moderne typografisk utstyr. All tekst er endra frå fraktur til moderne latinsk skrift. Tillegg og rettingar som i førsteutgåva står bak i boka, er sette inn i ordartiklane på alfabetisk plass. OrdbogoverdetnorskeFolkesprog har ei fyldig fagleg innleiing, der første delen er eit historisk oversyn, med hovudvekta på Aasens arbeid med manuskriptet i åra 1848-50. Deretter følgjer ei utgreiing om typografien i 1850-utgåva. Til sist gjer utgjevarane detaljert og med døme greie for typografi, rettingar og justeringar i den nye utgåva.