Forlaget skriver om denne boka:
Årets diktsamling frå Helge Torvund inneheld seks avdelingar, og er skrive med alvorsam vitalitet og femnande rørsler.
Kitty K. gir både naturens mangfald og krigens aktualitet si stemme, og i desse dikta blir avstanden mellom utanriksministerens hovud og ein fjellknaus borte. Boka munnar ut i ein lengre diktsekvens der målarinna Kitty Kielland er sentral.
Kitty K. Eg kallar
på deg nå
i denne beiske timen.
Eg treng di trøyst
di synlege røyst
din ikon av det milde blå.