Forlaget skriver om denne boka:
Kjem til å bli ein fin sommar skal du sjå, Ida.
Ei mor og ein far som drar bort. Ein farfar som er død. Og ikkje minst: ein storebror Thomas som har fått seg kjærast og knapt har tid til andre.
Ingenting er slik femten år gamle Ida ønskjer det, og ho instiller seg på ein einsam sommar oppe i tenketreet, hutrande som ein duracellkanin. Men så dukkar Linn, jenta med Bowie-auga, opp, og Ida rømmer til Huset, den okkuperte bygningen der Linn held til saman med resten av kollektivet...