Forlaget skriver om denne boka:
Det er Jo som talar i denne boka. Ho er fotballtalentet, skolelyset, lærardottera som aldri har sett far sin og som alltid har levd opp til forventningane frå mora Siri. Jo er seksten og skulle ha vore elev på vidaregåande, men livet har gått i stå for henne. Ho er ikkje. Frå rommet sitt på ein institusjon tenkjer ho gjennom livet sitt og prøver å samle krefter til det ho veit ho må gjennomføre: eit oppgjer med mor si. Frå null til no er ei historie om løgner som går i arv, om tre generasjonar kvinner og om korleis det å finne sanninga, og la den bli gjeldande, samtidig handlar om å bli eit heilt menneske.