Splitte mine bramsegl, sett sjøbein: endeleg er Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill attende.
Moderne sjørøvarar ropar som kjent «Yeeha,» men Einauge-Bill held fast på sitt gamle «Hiv o Hoy!» - dette ropet som framleis får motstandarar på alle sju hav til å skjelve i buksene. Denne gongen er dei to berykta piratane på sporet av den største av alle skattar, nemleg Jennys son, Garm, som ho har gøymt bort for at far hans, sjølvaste Grusomme Grim, ikkje skal få kloa i han.