Forlaget skriver om denne boka:
Dei kjem heim att dagen etter. Køyrer tilbake og kjem heim. Og no har det bygd seg opp ei visse i han: Denne gongen går det ikkje. Han står der ved vindauget søndagskvelden. Han spør seg, ein gong, fleire gonger. Spør seg morgonen etter: Kan det blir som før? Er det ein veg tilbake att? Finst det ti tilbakevending? Nei, ikkje denne gongen.
Andreas har levd sammen med Kathi, som han møtte i studietida i Sveits. Eit velordna, arbeidsamt liv; eit harmonisk samliv i det ytre, men som denne våren brytes mot splittande og oppløysande krefter. Andreas frykter at han er sjuk, og opplevingar i barndommen kastas skuggar over livet her og no. Romanen utforskar ein krisetilstand i eit menneskeliv og viser kva som kan skje når etablerte sanningar om fortid og framtid blir sette på prøve.