Lindemann har dratt ut for å finne Johanna, den jenta han var glad i, og som han no innser han burde ha valt den gongen det enno var mogleg. På vegen møter han Tomas i Dalen og den unge jenta Liv, som blir med på turen. Dei tre har alle noko dei vil legge bak seg, og noko dei leitar etter. Men reisa blir annleis enn dei hadde tenkt, for landskapet blir meir og meir draumeaktig, og heile tida har dei kjensla av at nokon følgjer etter dei.