Denne boka er ei oversiktleg innføring i den norske einskapsskolens utvikling frå 1850-talet til i dag. Medan skolen på 1800-talet var klasse- og kjønnsdelt, blei tanken om ein einskapleg obligatorisk grunnskole med felles læreplanar stadig sterkare gjennom 1900-talet. Hovudtanken bak einskapsskolen i dag er at alle barn går i same skole, uavhengig av sosiale, økonomiske og etniske føresetnader. Forfattaren viser korleis einskapsskolen er blitt ein av bærebjelkene i det norske samfunnssystemet, men drøftar og del utfordringane den
Boka set særleg fokus på tre aspekt ved utviklinga aveinskapsskolen:
- Korleis har skolens struktur endra seg? Kva har vore drivkreftene bak utviklinga frå allmugeskole til folkeskole og vidare til grunnskolen slik vi kjenner han i dag?
- Korleis har innhaldet i skolen endra seg? Kva fortel læreplanane oss om fag og aktivitetar ein har lagt vekt på i ulike periodar?
- Kva verdigrunnlag har allmuge-, folke- og grunnskolen vore tufta på? Kva kan dei skiftande føremålsparagrafane fortelje oss om dei rådande verdiane i skolen?
Boka er skriven for studentar i lærerutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning og pedagogikk, men vi også vere interessant for alle som er opptekne av skole og skolespørsmål.
Nils Eckhoff er førstelektor i pedagogikk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har tidlegare gitt ut Udelt og fådelt skule. Ei innføring (l986) og Elever med generelle lærevansker. Opplæring i den videregående skolen (1997).